Tankar etter NKUL 2016

Etter Nkul i 2015 skreiv eg eit blogginnlegg https://svenolafbrekke.wordpress.com/2015/05/10/tankar-etter-nkul-2015/.

Når eg les det oppatt no, så er eg nøgd med det eg skreiv og skal ikkje gjenta meg, bortsett frå eit punkt og det gjeld elevstemmer på NKUL. I fjor skreiv eg.

Sit .

Terje Pedersen frå Rothaugen skole i Bergen hadde ein flott sesjon i år. Dei har hatt mange spanande prosjekt på Rothaugen skole. Eg har følgt @terjepe på twitter lenge. Det mest spanande med sesjonen til Rothaugen var definitivt at det var elevane sjølve som presenterte arbeidet sitt.  Slike presentasjonar bør vi ha mange fleire av. Sjølv vurderte vi dette i Odda når eg skulle ha ein sesjon og presentera spillplattformen Smartfeet. Vi har flotte elevar som kunne vore med og kasta glans over presentasjonen. Grunnen til at det ikkje vart noko av, er at det gjer noko med NKUL for læraren som skal ha ansvar for desse elevane. Ikkje noko Mikrobryggeri og sosial mingling på kveldstid når ein har elevar med på laget. Kanskje skulle NKUL gjera seg nokre tankar om korleis ein kunne løysa ei slik utfordring. Kva om ein arrangerte ei teknologisamling for interesserte elevar parallelt med NKUL. Da kunne elevar treffa likesinna og ha spanande samarbeid over eit par dagar, og presentasjon av prosjekt på NKUL vart berre ein del av eit større opplegg for desse elevenane. Ideen er gratis. Værsågod Vegard Moen . Sit. slutt

Terje Pedersen var ikkje med på NKUL i år, men to av hans kvinnelege kollegaer på Rothaugen skole i Bergen hadde ein flott sesjon i lag med fem ungdomsskuleelevar. Dei presenterte  mange svært innovative prosjekt som dei er i gang med i Bergen. Det er berre ein ting å seia- Imponerande. Rothaugen skole sitt foredrag var på onsdagen. Bergenselevane kom til Trondheim på onsdag og reiste att på torsdag ettermiddag. Odda ungdomsskole hadde fire elevar frå 9-trinnet med seg til Trondheim. Dei kom torsdags morgon og reiste heim saman med lærarane på fredag. Det betyr at det ikkje var noko tid i lag for Odda og Bergenselevane. Det er synd for det trur eg alle hadde synest hadde vore kjekt! Eg hadde ein samtale med Vegard Moen, mangeårig ansvarleg for NKUL, og Jørund Høie Skaug, ansvarleg for “Rom for lek og læring” på NKUL. Eg sender oppmodinga til NKUL for andre gang no i 2016. La elevstemmene koma til orde på den same datoen. Då kan Jørund og eit par handplukka lærarar setja saman eit ungdomsopplegg om ettermiddag-kveld. Utvid “Rom for lek og læring” utover ettermiddagen og set saman eit opplegg utover kvelden. Då kan ungdomane byggja nettverk på same vis som vi vaksne.

Ideen er fortsatt gratis Cecilie og Vegard! Eg vågar påstanden at sesjonane til Rothaugen og Odda ikkje er dårlegare enn dei andre sesjonane, kanskje er dei til og med betre enn mange andre? Sett på ein slik bakgrunn set eg eit spørsmålsteikn ved at NKUL ikkje er villig til å betala noko av reise-losji for elevane våre. Dersom ein ynskjer elevstemmer, så bør ein også vera villig til å betala i alle fall noko av kostnaden. Odda ungdomsskole hadde 4 elevar med til NKUL. Dei reiser frå Odda til Bergen med buss,båt og deretter fly fra Bergen. Ei natt på hotell og same vegen attende. Det er dumt dersom kostnaden skal verta det som står i vegen for fleire elevstemmer på NKUL.

Men som sagt- iden er gratis.

Takk for eit flott NKUL enno ein gong.

Digital helsing

Sven Olaf Brekke

#oddaskolen

 

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Tankar etter NKUL 2015

NKUL 2015 er over. Enno eit vellukka besøk til Trondheim og Gløshaugen er gjennomført. Nkul har funne ei form som funkar. Eit kompakt arrangement med kort avstand mellom alle ting. Eit tydeleg fokus på pedagogikk og metodikk. Lite rom for dei kommersielle aktørane. Dette er deler av det som gjer NKUL til den viktigaste teknologi og pedagogikk konferansen i året for meg.

Alle deltakarane frå Odda skriv erfaringane sine inn i eit Google samskrivingsdokument. På den måten får alle seia litt, eller mykje om kva dei har høyrt som har vore inspirerande. Samskrivingsdokument er ein god og viktig ting, men for #oddaskolen trur eg det er ein annan bit som er mykje viktigare! I år var vi 22 deltakarar frå #oddaskolen. Innafor hashtaggen #oddaskolen finn ein barnehagar,barneskular,ungdomsskular,PPT, Logoped,vaksenopplæring og skuleleiing.   Det å vera så mange flinke pedagogar frå samme kommune, gjer oss ei kjensle av kollektiv satsing som er svært verdifull. Vi samlar alle oddingane til ein minikonferanse (1 time) i løpet av NKUL. Det gjer rom for at alle kan koma med ei kort tilbakemelding om kva dei har fått med seg som spesielt interessant. Dette gjer oss ei ” Vi-kjensle” som  er svært verdifull og som eg veit mange andre misunner oss. Vi er stolte av at #oddaskolen er vorte ei merkevare i NKUL miljøet. Når du seier at du kjem frå Odda så får ein heva augnebryn og klapp på skuldra. ” Åja der skjer det jo så mykje spanande” seier folk du aldri har møtt før. Slikt gjer noko med sjølvkjensla og vissa om at ein bur i ein kommune der skule vert prioritert.

I år hadde vi med oss ein utflytta odding på deler av den sosiale biten. Nils Skutle har budd i Trondheim i mange år og har vore direktør i Rosenborg i 14 av dei. Sjølv om han har vore borte frå Odda i mange år, og er ein aktør i det private næringsliv, så var det kjekt å høyra han rosa #oddaskolen for at dei satsar på teknologi og har eit framtidsretta fokus. Ting endrar seg utruleg fort i dag sa Nils. Enten er ein nysgjerrig  på det nye, eller ein er akterutseilt. Nils er ein interessant samtalepartnar . Eg la merke til at han stilte eit todelt spørsmål til fleire av deltakarane frå Odda. “Har du lært noko på NKUL” spurde Nils. “Ja” svara folk. “Kva har du lært då” kom det kjapt frå Nils. Då vart det vanskelegare å finna eit godt og klart svar. Eg har grunna litt på kvifor og eg meiner eg har funne noko av forklaringen. Forklaringa er at ein lærer svært lite på ein konferanse som NKUL. Ein vert  inspirert, ein vert opplyst om nye ting, ein treff nye spanande kontaktar, ein høyrer om nye appar,nye program, ny forskning, nye politiske visjonar som berre er gamle tankar pakka inn i nye veldreide vendingar. Lærer ein noko i det heile ? Eg hadde to flotte lærarar frå Skare barneskule med meg i bilen til og  frå Bergen. Torlaug og Grethe er tidlegare kollegaer av meg. Flinke, solide, reflekterande lærarar. Etter tre dagar med #oddaskolen på NKUL var dei inspirerte. Dei hadde høyrt andre lærarar fortelja om nye måtar å skapa læringsresultat på. Nye måtar å ta i bruk IKT på, nye spanande appar for lesing og skriving. Dei var oppglødde og inspirerte og det var veldig kjekt for meg som har vore ein igangsettar i høve NKUL i Odda. Eg gav dei eit velmeint råd. Rådet var dette : Når de kjem på skulen på måndag skal de bestemma dykk for kva appar de ikkje skal gjera noko med. De skal skrella knallhardt bort dei fleste appane de har høyrt om, og så skal de bestemma kva for ein app, eller ide eller program som de skal nytta i eiga klasserom ! Ein ting som skal nyttast med eigne elevar. Ein ide som IKT gjer det mogeleg å gjennomføra. Eit prosjekt eller opplegg som ein ikkje kunne gjera like godt utan teknologi! Først da vil ein læra noko om nettopp den appen, eller programmet,eller samskrivingsdokumentet. Poenget mitt er at gløymselskurva er bratt innafor IKT også. Eg trur mange kjem inspirerte frå NKUL, men når dei møter kvardagen når dei kjem heim, så vert ikkje ny inspirasjon gjort om til handling som skapar endring i lag med eigne elevar og eigne kollegaer. Fort deg å dra i gang eit prosjekt når du kjem heim, er mitt råd.

Terje Pedersen frå Rothaugen skole i Bergen hadde ein flott sesjon i år. Dei har hatt mange spanande prosjekt på Rothaugen skole. Eg har følgt @terjepe på twitter lenge. Det mest spanande med sesjonen til Rothaugen var definitivt at det var elevane sjølve som presenterte arbeidet sitt.  Slike presentasjonar bør vi ha mange fleire av. Sjølv vurderte vi dette i Odda når eg skulle ha ein sesjon og presentera spillplattformen Smartfeet. Vi har flotte elevar som kunne vore med og kasta glans over presentasjonen. Grunnen til at det ikkje vart noko av, er at det gjer noko med NKUL for læraren som skal ha ansvar for desse elevane. Ikkje noko Mikrobryggeri og sosial mingling på kveldstid når ein har elevar med på laget. Kanskje skulle NKUL gjera seg nokre tankar om korleis ein kunne løysa ei slik utfordring. Kva om ein arrangerte ei teknologisamling for interesserte elevar parallelt med NKUL. Da kunne elevar treffa likesinna og ha spanande samarbeid over eit par dagar, og presentasjon av prosjekt på NKUL vart berre ein del av eit større opplegg for desse elevenane. Ideen er gratis. Værsågod Vegard Moen .

Eg ser at Frøydis Hamre @kjemikeren har blogga frå NKUL også

https://kjemikeren.wordpress.com/2015/05/09/vi-vet-hvor-vi-vil-men-hvordan-kommer-vi-dit/

Ho peiker på at vi manglar dei som utgjør hoveddelen av lærerne. Eg synes tblyantmetaforen som eg har oversatt frå engelsk gir eit godt bilete av dette.  http://1drv.ms/1IuGnqk Frøydis utfordrer skolenorge og ber dei sende fleire “ikke frelste”. For Oddaskolen sin del kan eg lena meg tilbake og si ja det gjør vi kvart år, vi blandar dei erfarne framoverlente med nye “vanlige” lærarar og så vonar vi at dei blir inspirerte.

Debatten mellom Torbjørn Røe Isachsen og Trond Giske var både frisk og interessant, men eg må få lov til å seia at eg er bekymra når Isachsen i stt nye oppdragsbrev til IKT-senteret peiker på eit nytt satsingsområde, nemlig fokus på korleis ein ikkje skal bruka IKT. Jeg synes vi skal ha fullt fokus på dei gode metodane og ikkje kasta bort tid på å peike på bruk som vi allereie veit er dårlig .

Eg vil og peika på ei stor politisk utfordring som eg synes er rart ikkje nokon plukker opp og gjer til ei nasjonal satsing. Alle skuleleiarar melder kvart år såkalla GSI-tal. For nokre få år sidan vart skular bedne om å telja talet på pc-ar på skulen. Ein skulle ha to tal. 1. tal på pc-ar som var kobla til internett og 2. tal på pcar som ikkje var kobla til internett. Tenk det. For omlag 5 år sidan var mange av skulepcar ikkje kopla til internett. I dag spør ein seg sjølv, kva skal ein med ein pc utan internett? Når installerte du eit program via ein cd-romplate sist? I løpet av få år har alt flytta seg opp i skya og det handlar ikkje så mykje om kva dings ein velgjer. Det handlar mest om alt om eit stabilt,raskt trådlaust nett. Det burde nokon i regjeringskvartala plukka opp. Det er ei nasjonal oppgåve å syta for at alle elevar i norsk skule har tilgang til eit godt stabilt nett. Det er ein føresetnad for å utvikle seg digitalt i skulen. Det skal ikkje vera opp til kommunal økonomi og framsynte lokalpolitikarar at elevar får dei beste mogelegheiter inn i det 21ste århundre. ” La dei 1000 blomster blomstre” sa Isachsen og overlot ansvaret til den einskilde kommune. Nei seier eg. La ikkje dei 999 blomster visne fordi dei bur i feil kommune. Sørg for at alle blomstene har det vatnet og den gjødsel dei treng gjennom eit trådlaust nett og så kan kommunane gjera eigne val vedrørande skyløsning og type digital dings. Det er allikevel underordna eit stabilt og raskt internett.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Men de skal jo ha eksamen !

Hei.

På morgenmøtet i dag, sa jeg noen få ord om at det var spennende å se hvordan tentamen var tilpasset til elever med spesielle behov. Jeg sa noe sånt som at det var stor forskjell på graden av tilpasning for elever som har spesialundervisning. Lærere har kommet til meg i etterkant og bedt om tilbakemelding på om det de hadde laget var bra eller dårlig. Det gir meg anledning til å si noe om hvordan jeg tenker rundt dette temaet.

Alle elever har rett til tilpasset opplæring. Vi kan fort bli enige om at dette er krevende å få til, men vi vet at det er slik, det har alltid vært slik og det er en bit av læreryrket som er helt sentral og selvfølgelig. Elevene våre er ulike og lærestoffet må tilpasses den enkelte. Vi gjør dette i klasserommet hver dag, vi forklarer ting på flere måter, vi forklarer betydningen av begreper slik at alle skal få det med seg, vi tilpasser arbeidsmengde, vi gir tilpassede lekser på ulike nivåer osv osv. Til tross for denne tilpasningen er det noen elever som har så spesifikke vansker at de får tildelt egne midler etter §5 i opplæringsloven. De kan ikke følge normal progresjon, de må ha en individuell opplæringsplan- IOP. Her legges mye arbeid i egen emneplan, for å vise hva en skal arbeide med i de ulike emnene og hvilke mål og arbeidsmåter eleven skal ha. For meg er det helt selvsagt at en elev med IOP også skal ha en tilpasset prøve, eller tentamen. Ansvaret for utarbeiding av dette har faglærer og spesialpedagog . Det må være sammenheng mellom det spesialundervisningen har hatt fokus på, og hvordan prøven ser ut. Da kan en stille spørsmålet,» Er det mulig å gi en slik elev den samme prøven som resten av klassen «? Her mener jeg at svaret avhenger av hvordan prøven til resten av klassen ser ut? La meg eksemplifisere med matematikktentamen. I matematikkfaget er det fremdeles slik at prøver og eksamen har en progresjon fra det lette til det vanskelige. De fleste elever får til noen av de lette oppgavene. Da blir spørsmålet for denne prøvetypen «bør en legge inn flere oppgaver med de fire regningsartene slik at disse elevene har arbeid i et par timer og slipper å sitte og se i veggen fordi de fort blir ferdig med det de klarer?» De skal jo forberedes til eksamen- sier noen. Det er jo slik oppgavene ser ut da.  So what sier jeg! Skal vi dunke dem i hodet i 3 år og fortelle dem hvor lite de får til, eller skal vi gi dem mestringsfølelse på deres nivå og forklare dem at det er bra at de kan en god del med pluss og minus, ganging og deling, men på en eksamen vil det ikke rekke til mer enn 2?

I andre fag er det vanskeligere enn i matematikken. Jeg synes engelskfaget er det beste eksempelet. I min tid som engelsklærer lignet strukturen i engelskprøven på matematikkens. Det begynte lett og ble vanskeligere, med stilen som sluttoppgaven der tekstskaping er hovedkompetansen. I dag er engelskeksamen vanskelig fra første oppgave! Håpløst spør du meg, men det er selvsagt ikke et argument for å gi disse elevene håpløse oppgaver i 3 år på ungdomsskolen. Jeg ser tilpassede tentamensoppgaver i engelsk der elever på vår skole  har mye arbeid med oppgaver som kryssord,ordquiz,sette linjer mellom bilde og ord, rett form av to do,oversett disse setningene og så en enkel billedstil til slutt. Jeg synes det er gode eksempel på tilpassing. Bedre enn bare en tekstoppgave, selv om eleven har fått tid til forarbeid. Jeg skriver Jeg synes.  Jeg skriver ikke at jeg har rett, men jeg er helt sikker på at vi blir en bedre skole av å reflektere rundt dette på fagteamene. Hvordan gjør vi dette på skolen vår? Er vi fornøyd med tilpassingen for elever med spesielle behov? Gremmer vi oss over enkelte fag, enkelte oppgaver, men kvir oss for å ta det opp. Er det lærere hos oss som er flinkere enn andre til dette ? Bruker vi dem slik at kollektivet blir flinkere ?Vanskelige spørsmål for dere, vanskelige spørsmål for meg. Har vi en skolekultur der vi tør å ta opp tema som kan utfordre oss?

Thomas Nordahl kastet en brannfakkel i avslutningen av sitt foredrag i Norheimsund. Den var mest til skolelederne og den avsluttet et tema som handlet om bedring av  praksis på egen skole.

« Det skjer under din ledelse» Hva har du tenkt å gjøre med det ?

 Sven Olaf

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Er digitale tavler svaret?

For 6-7 år siden var eg på ein IKT konferanse på Lillestrøm. Eg var rektor på Skare barneskule på den tida og hadde  nett kjøpt inn to nye Smartboards som eg var stolt av og og som eg hadde trua på. Det var læraren sitt nye multitool. Det var den nye tida som  ved eit trylleslag kom til å endra skulestova. Det var Mercedestavla og vi hadde to av dei på skulen min. Alle eg snakka med på konferansen var samd. Vi lot oss dupera av selgaren som dissekerte froskar på smartboardet. trykte på virtuelle knappenåler og skar med elektroniske knivar. Imponerande.

Så kom denne sløkte engelske professoren med sitt aldeles idiotiske foredrag med tittelen “We have electrified the blackboard,so what?” Han stilte spørsmål ved om det var dette den digitale omveltinga skulle handle om, at den digitale revolusjonen skulle skje ved at læraren fekk eit nytt og betre verktøy til å forklara verda slik læraren såg han? At dei digitale tavlene skulle gjeninnsetta læraren som den allmektige, han som veit alt og no kan visa det ved å trykka ein elektronisk finger på ei trykksensitiv plate og henta fram Googlemaps og Youtube og få bokstavar til å dukka fram på magisk vis? Er det dette som er det digitale paradigmeskiftet spurde den toskete engelskmannen, som ikkje visste noko om dei flotte tavlene eg hadde kjøpt inn i Skare.

Eg las om ein skule i eit utdanningstidsskrift i dag. Der hadde dei Smartboards i alle rom og alle var nøgd. Elevane var nøgd, rektoren var nøgd og lærarane var glade for det nye verktøyet. Eg trur dei hadde 30 klasserom. 30 ganger 25000. Det er 750000 kroner det. For 750 000 kroner får eg  200 elev-pcer. For 750000 kroner kan nesten alle mine elevar få kvar sin pc, chromebook eller ipad. For 750000 kroner har elevane mine eit verktøy som gjer det mogeleg å begynna å nytta digitale tjenester som ein hverdagsleg ting. For det er det det er. Det digitale er det hverdagslege, noko ein brukar kvar dag, noko ein tyr til for å utføra ulike oppgåver, for å samskriva med andre elevar,for å koma i kontakt med folk utanfor klasserommet, for å lytta til tekstar,for å sjå forklarande videoar,for å chatte medkompetanse i andre land,for å læra på smarte måtar.

Det betyr ikkje at eg trur at det alltid er smartare å nytta digitale hjelpemedel ! Langt i frå, men for meg er det openbart at digital kompetanse ikkje vert nådd dersom ein kun skal nytta ein pc når læraren har sett data på timeplanen og alle elevane skal på datarommet og skriva stil, eller leita etter “Byar i Belgia” på internett. Mykje såkalla dataundervisning i skulen, handlar om å setja straum på gamle teknologiar og arbeidsmåtar. Det er slett ikkje alltid betre enn det gamle. Min erfaring er diverre at digitale tavler vert ein tidstjuv og frustrasjon meir enn ei glede over nye mogelegheiter. På Odda ungdomsskole har eg innført eit slagord når det gjeld data. “Det er typisk at det virker” er slagordet. Slik må det vera . Datautstyr må virka kvar gong, alltid og heile tida. Den nye teknologien konkurrerer med teknologiar som er utprøvd og nesten aldri sviktar. Tavle og kritt treng ikkje kalibrerast og fargekritta treng ikkje oppdaterast. Når ei digital tavle er kalibrert, reingjort, programvaren er oppdatert, pc-en som driv tavla funker og læraren er kompetent tavlebrukar, så er tavla kjempebra. Men eg opplever det ikkje slik i min skulekvardag. Eg opplever at programvaren som følger med krever ein god del opplæring, tavla skal stadig oppdaterast og kalibrerast. Etter ein dag eller to utan ei fungerande tavle, så lengtar læraren attende til krittavla i kombinasjon med lerret og prosjektor, slik at internett kan hentast fram og visast like lett som på ei digital tavle. Det er berre den trykksensitive delen som skil lerretet eller whiteboarden og den digitale tavla. Eg stiller spørsmål ved om denne trykksensitiviteten er verdt 15000 kroner pr rom?

Eg var innom ein vidaregåande skule for ei tid tilbake. Der hadde dei kjøpt inn mange smartboards og dei var montert opp i klasserommet, men ikkje framme ved tavla. Dei var skrudd opp bakerst i rommet. Eg veit ikkje, men eg anar at her har det vore ulike meiningar om desse tavlene sin fortreffeligheit. Kompromisset har vorte å skru dei opp bakerst i klasserommet. Da kan elevane berre snu seg når ein skal nytta dei ikkje sant? Eg trur ikkje på det. Eg trur tavlene kjem til å stå ganske ubrukt bakerst i klasserommet fordi dei er tavle nr.2. Noko ein skal nytta i spesielle tilfeller. Slik vert ikkje lærarane flinke å bruka tavlene, men min erfaring har styrkt meg i trua på at digitale, trykksensitive tavler er eit mellomspel. Det er ei “digital vannseng”, ei bensinpumpe som syg inn sedlar og let deg fylle bensin med kontantar sjølv om stasjonen er stengd. Det er ein teknologi med bratt oppadgåande salskurve som brått snur og stupar til nulls. Smart Technologies er det neste Nokia trur eg.

Posted in Uncategorized | 3 Comments

Nasjonale prøver og analyseverktøy.

Nasjonale prøver er sannsynligvis kommet for å bli og jeg er glad for å høre at UDIR jobber med å oppdatere PrøveAdministrasjonsSystemet, bedre kjent som PAS.
For tre år siden kritiserte jeg PAS fordi jeg mente at rapportene som skulle gi info om resultatene på klasse og elevnivå var meget mangelfulle. Jeg vR derfor glad når UDIR kom med det såkalte analyseverktøyet som er ment å gi mer informasjon om resultatene for en elevgruppe. Det gjør de også slik jeg ser det,men jeg synes det er utrolig krøllete tilrettelagt for å hente ut rapporten. Først må en hente verktøyet i Pas i form av et excelark. Deretter må en hente ut en oppfølgingsrapport i PAS,eksportere denne som Excel og deretter merke og kopiere dataene for så å lime dette inn i analyseverktøyfila? Puuhh
Ja så komplisert er det mulig å gjøre det i 2013. Vær så snill UDIR. Gjør dette enklere slik at en ved å klikke på en link får ut den samme informasjonen som en idag må kjøre slalåm mellom ulike excelark for å få ut.
En ting til mens jeg er i ønskemodus😄 Flere av læreplanene er reviderte. Det første lærerne etterspør er oversiktlige oppsett der en ser hovedområder og kompetansemål satt opp slik at det er lett å se hvilke endringer som er gjort. På møte mez UDIR i Bergen i forrige uke informerte UDIR om at de hadde fått mange henvendelser om dette,men de hadde bestemt seg for å IKKE gjøre det! Forstå det den som kan?
Honnør til http://www.naturfagsenteret.no og http://www.matematikksenteret.no slm har gjort dette på egen kjøl,men det burde vært helt unødvendig slik jeg ser det.
Men jeg har ikke gitt opp håpet. Jeg har flere ganger opplevd at UDIR følger opp innspill fra skolenorge. Kanskje det skjer igjen!

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Teknologien virker. Typisk !

Vi hadde en foredragsholder i Odda for en tid tilbake, Jeg tror han het Nordengen. Flink fyr, og han var opptatt av språk og ordenes betydning. Han snakket om ordet typisk, eller kanskje heller om hvordan vi har begynt å bruke ordet typisk om det som nettopp ikke er typisk. Vi står på flyplassen og venter på kofferten, men den kommer ikke ! Typisk utbryter vi. Det er så TYPISK ! Men vi vet jo at det ikke er det. Det typiske er at kofferten kommer slik det var forventet at den skulle. Jeg har stor glede av å utbryte TYPISK hver gang jeg oppdager kofferten min på rullebrettet.

Det samme skjer når vi skal bruke teknologi. Typisk sier læreren. Typisk at ikke lyden virker når jeg skal vise film. Typisk at jeg ikke får åpnet et vedlegg. Typisk at det ikke virker. På mitt lærerrom har jeg en pc som er koblet opp mot en prosjektor. I tillegg har jeg en Appletv-boks som er koblet til den samme prosjektoren. Jeg har både pc og appletv-boks koblet til internett med kabel. Samtidig har jeg trådløst nett i de samme lokalene. Appletv har den flotte muligheten at jeg trådløst kobler meg til prosjektoren med min iphone, min ipad, eller min mac. Jeg forbereder mine morgenmøter ved å lage en keynote på min telefon og så bruker jeg den som støtte. Vil jeg vise noe fra min ipad, er det et klikk unna så er det den som vises på prosjektoren. Og det fine er at det virker hver gang. TYPISK sier jeg når det virker. Jeg mistenker at noen av mine lærere håper at noe skal svikte, noe skal krølle seg og ikke virke. Kanskje de opplever det e gang også, men frem til det gleder jeg meg over at jeg kan si ” Typisk, Youtube virker i dag også” Helt typisk !

Når det er sagt så er det desverre slik i alt for mange klasserom at det typiske er at noe ikke virker. To av datamaskinene på datarommet henger. Skriveren skriver ikke ut. Dokumenter i Its learning som ikke vil åpne seg. For mange lærere er det typisk at ikke alt virker hver gang. Jeg tror dette er en viktig årsak til at mange lærere kvier seg for å ta ulike digitale læremiddel i bruk. En lærerpc som trøbler er irriterende, men to-tre elevpc-er som krangler, er potensielle bomber når 25 elever skal arbeide med digitalt skolearbeid samtidig. Det faktum at dette er et stort problem forteller meg at vi er inne i en pionertid. Vi har akkurat startet på en digital reise og mye av teknologien er i sin barndom. Husker dere Powerpoint presentasjoner for noen få år tilbake? Foredragsholder hadde alltid lysarkene på plastfoiler, slik at ovehead-prosjektoren kunne hentes frem om det ble problemer, og det ble det ofte! Det vanligste var at prosjektoren og pc-en ikke fant hverandre! Vi er forbi det stadiet, men fortsatt er vi i starten. Jeg tenkte på dette med teknologier som virker da jeg ringte en venn her forleden. Han var i Guatamala. Jeg lurte aldri på om telefonen kom til å virke når jeg slo nummeret. Kvaliteten på lyden var som om han stod hjemme hos seg selv i Odda. Teknologien bak telefonen er ikke lenger plaget av barnesykdommer. Den virker hver gang selvsagt. Helt typisk !

Posted in Uncategorized | 2 Comments

TILLIT ER NØKKELORDET.

Jeg hadde gleden av å holde et foredrag for lærere i Lindås kommune sist fredag. Jeg delte erfaringer rundt prosjektet “Bråk i Odda” og snakket om ulike teknologier og spill som jeg synes er spennende å bruke i skolen. Jeg kaller foredraget mitt “Når læreren er nysgjerrig på ungdommens verden”. Jeg bruker ipad og keynote når jeg holder foredraget og har erfart at dette fungerer godt. Derfor ble jeg nervøs for noen uker siden da jeg skulle holde foredrag på Impulskonferansen i Ålesund. Foredragsholderen før meg brukte også ipad, men 1/4 av bildet forsvant fra lerretet. Det  viste seg at prosjektoren funket dårlig sammen med vga-kabel og ipad. Heldigvis hadde prosjektoren også hdmi-kabel og med rette overgang funket det fint. Men med denne opplevelsen ferskt i minne, var jeg nøye på å presisere for de ansvarlige på Lindås, at de måtte sjekke prosjektoren mot ipad slik at vi visste at alt funket. ( Hva er verre enn en foredragsholder som ikke får det tekniske til å virke?). Alt ble kontrollert og det hele funket knirkefritt. Flott. Jeg ankom foredragssalen, et flott auditorium med to skjermer og to projektorer. Min hyggelige medhjelper orienterte meg om at begge projektorene måtte være påslått for at alt skulle virke. No problem, litt i overkant med ca 30 tilhørere, men helt ok for meg. Etter 2 minutter summer det i den ene prosjektoren og den klapper sammen og går i hvilemodus. Men, den andre funker fint, så det er ingen krise. Etter to minutter til begynner denne prosjektoren å flimre, verre og verre blir det og etter fem minutter må jeg bare stoppe. Vi bestemmer oss for å finne et klasserom der vi kan fortsette! En IT mann innfinner seg og tar ut luftfilter på den første prosjektoren og får den til å virke igjen. Flytting til annet rom kanselleres og resten av foredraget går knirkefritt. 

Hvorfor har jeg så valgt tittelen “Tillit er nøkkelordet” på dette blogginnlegget. Mitt poeng er at mange lærere har opplevd alt for mange undervisningstimer der noe teknisk svikter. Det er projektorer, lydanlegg,videofiler,usbpinner,trådløst nett osv osv. Tusen ting som kan lage trøbbel for en stakkars lærer. Vi konkurrerer mot en teknologi som virker hver gang, nemlig kritt og tavle. En av de viktigste oppgavene skoleledere og IT-ansvarlige har i dagens skole er å sørge for at teknologien virker hver gang og alltid. Jeg håper det ikke tar alt for lang tid til vi er kommet dit.

Posted in Uncategorized | Leave a comment