Er digitale tavler svaret?

For 6-7 år siden var eg på ein IKT konferanse på Lillestrøm. Eg var rektor på Skare barneskule på den tida og hadde  nett kjøpt inn to nye Smartboards som eg var stolt av og og som eg hadde trua på. Det var læraren sitt nye multitool. Det var den nye tida som  ved eit trylleslag kom til å endra skulestova. Det var Mercedestavla og vi hadde to av dei på skulen min. Alle eg snakka med på konferansen var samd. Vi lot oss dupera av selgaren som dissekerte froskar på smartboardet. trykte på virtuelle knappenåler og skar med elektroniske knivar. Imponerande.

Så kom denne sløkte engelske professoren med sitt aldeles idiotiske foredrag med tittelen “We have electrified the blackboard,so what?” Han stilte spørsmål ved om det var dette den digitale omveltinga skulle handle om, at den digitale revolusjonen skulle skje ved at læraren fekk eit nytt og betre verktøy til å forklara verda slik læraren såg han? At dei digitale tavlene skulle gjeninnsetta læraren som den allmektige, han som veit alt og no kan visa det ved å trykka ein elektronisk finger på ei trykksensitiv plate og henta fram Googlemaps og Youtube og få bokstavar til å dukka fram på magisk vis? Er det dette som er det digitale paradigmeskiftet spurde den toskete engelskmannen, som ikkje visste noko om dei flotte tavlene eg hadde kjøpt inn i Skare.

Eg las om ein skule i eit utdanningstidsskrift i dag. Der hadde dei Smartboards i alle rom og alle var nøgd. Elevane var nøgd, rektoren var nøgd og lærarane var glade for det nye verktøyet. Eg trur dei hadde 30 klasserom. 30 ganger 25000. Det er 750000 kroner det. For 750 000 kroner får eg  200 elev-pcer. For 750000 kroner kan nesten alle mine elevar få kvar sin pc, chromebook eller ipad. For 750000 kroner har elevane mine eit verktøy som gjer det mogeleg å begynna å nytta digitale tjenester som ein hverdagsleg ting. For det er det det er. Det digitale er det hverdagslege, noko ein brukar kvar dag, noko ein tyr til for å utføra ulike oppgåver, for å samskriva med andre elevar,for å koma i kontakt med folk utanfor klasserommet, for å lytta til tekstar,for å sjå forklarande videoar,for å chatte medkompetanse i andre land,for å læra på smarte måtar.

Det betyr ikkje at eg trur at det alltid er smartare å nytta digitale hjelpemedel ! Langt i frå, men for meg er det openbart at digital kompetanse ikkje vert nådd dersom ein kun skal nytta ein pc når læraren har sett data på timeplanen og alle elevane skal på datarommet og skriva stil, eller leita etter “Byar i Belgia” på internett. Mykje såkalla dataundervisning i skulen, handlar om å setja straum på gamle teknologiar og arbeidsmåtar. Det er slett ikkje alltid betre enn det gamle. Min erfaring er diverre at digitale tavler vert ein tidstjuv og frustrasjon meir enn ei glede over nye mogelegheiter. På Odda ungdomsskole har eg innført eit slagord når det gjeld data. “Det er typisk at det virker” er slagordet. Slik må det vera . Datautstyr må virka kvar gong, alltid og heile tida. Den nye teknologien konkurrerer med teknologiar som er utprøvd og nesten aldri sviktar. Tavle og kritt treng ikkje kalibrerast og fargekritta treng ikkje oppdaterast. Når ei digital tavle er kalibrert, reingjort, programvaren er oppdatert, pc-en som driv tavla funker og læraren er kompetent tavlebrukar, så er tavla kjempebra. Men eg opplever det ikkje slik i min skulekvardag. Eg opplever at programvaren som følger med krever ein god del opplæring, tavla skal stadig oppdaterast og kalibrerast. Etter ein dag eller to utan ei fungerande tavle, så lengtar læraren attende til krittavla i kombinasjon med lerret og prosjektor, slik at internett kan hentast fram og visast like lett som på ei digital tavle. Det er berre den trykksensitive delen som skil lerretet eller whiteboarden og den digitale tavla. Eg stiller spørsmål ved om denne trykksensitiviteten er verdt 15000 kroner pr rom?

Eg var innom ein vidaregåande skule for ei tid tilbake. Der hadde dei kjøpt inn mange smartboards og dei var montert opp i klasserommet, men ikkje framme ved tavla. Dei var skrudd opp bakerst i rommet. Eg veit ikkje, men eg anar at her har det vore ulike meiningar om desse tavlene sin fortreffeligheit. Kompromisset har vorte å skru dei opp bakerst i klasserommet. Da kan elevane berre snu seg når ein skal nytta dei ikkje sant? Eg trur ikkje på det. Eg trur tavlene kjem til å stå ganske ubrukt bakerst i klasserommet fordi dei er tavle nr.2. Noko ein skal nytta i spesielle tilfeller. Slik vert ikkje lærarane flinke å bruka tavlene, men min erfaring har styrkt meg i trua på at digitale, trykksensitive tavler er eit mellomspel. Det er ei “digital vannseng”, ei bensinpumpe som syg inn sedlar og let deg fylle bensin med kontantar sjølv om stasjonen er stengd. Det er ein teknologi med bratt oppadgåande salskurve som brått snur og stupar til nulls. Smart Technologies er det neste Nokia trur eg.

Advertisements

About svenolafbrekke

Rektor Odda ungdomsskole
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

3 Responses to Er digitale tavler svaret?

  1. cmyrland says:

    Reblogged this on Politisk ukorrekte tanker om læring. (Les: Fuck PISA) and commented:
    Med begrensede midler i skolen, kan pengene brukes på bedre ting enn smarte tavler?

  2. Dette var interessant. I næringslivet er de elektroniske tavlene allerede langt forbi Nokia-stadiet. Der har de opplevdd sitt “Kodak moment”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s