Tankar etter NKUL 2016

Etter Nkul i 2015 skreiv eg eit blogginnlegg https://svenolafbrekke.wordpress.com/2015/05/10/tankar-etter-nkul-2015/.

Når eg les det oppatt no, så er eg nøgd med det eg skreiv og skal ikkje gjenta meg, bortsett frå eit punkt og det gjeld elevstemmer på NKUL. I fjor skreiv eg.

Sit .

Terje Pedersen frå Rothaugen skole i Bergen hadde ein flott sesjon i år. Dei har hatt mange spanande prosjekt på Rothaugen skole. Eg har følgt @terjepe på twitter lenge. Det mest spanande med sesjonen til Rothaugen var definitivt at det var elevane sjølve som presenterte arbeidet sitt.  Slike presentasjonar bør vi ha mange fleire av. Sjølv vurderte vi dette i Odda når eg skulle ha ein sesjon og presentera spillplattformen Smartfeet. Vi har flotte elevar som kunne vore med og kasta glans over presentasjonen. Grunnen til at det ikkje vart noko av, er at det gjer noko med NKUL for læraren som skal ha ansvar for desse elevane. Ikkje noko Mikrobryggeri og sosial mingling på kveldstid når ein har elevar med på laget. Kanskje skulle NKUL gjera seg nokre tankar om korleis ein kunne løysa ei slik utfordring. Kva om ein arrangerte ei teknologisamling for interesserte elevar parallelt med NKUL. Da kunne elevar treffa likesinna og ha spanande samarbeid over eit par dagar, og presentasjon av prosjekt på NKUL vart berre ein del av eit større opplegg for desse elevenane. Ideen er gratis. Værsågod Vegard Moen . Sit. slutt

Terje Pedersen var ikkje med på NKUL i år, men to av hans kvinnelege kollegaer på Rothaugen skole i Bergen hadde ein flott sesjon i lag med fem ungdomsskuleelevar. Dei presenterte  mange svært innovative prosjekt som dei er i gang med i Bergen. Det er berre ein ting å seia- Imponerande. Rothaugen skole sitt foredrag var på onsdagen. Bergenselevane kom til Trondheim på onsdag og reiste att på torsdag ettermiddag. Odda ungdomsskole hadde fire elevar frå 9-trinnet med seg til Trondheim. Dei kom torsdags morgon og reiste heim saman med lærarane på fredag. Det betyr at det ikkje var noko tid i lag for Odda og Bergenselevane. Det er synd for det trur eg alle hadde synest hadde vore kjekt! Eg hadde ein samtale med Vegard Moen, mangeårig ansvarleg for NKUL, og Jørund Høie Skaug, ansvarleg for “Rom for lek og læring” på NKUL. Eg sender oppmodinga til NKUL for andre gang no i 2016. La elevstemmene koma til orde på den same datoen. Då kan Jørund og eit par handplukka lærarar setja saman eit ungdomsopplegg om ettermiddag-kveld. Utvid “Rom for lek og læring” utover ettermiddagen og set saman eit opplegg utover kvelden. Då kan ungdomane byggja nettverk på same vis som vi vaksne.

Ideen er fortsatt gratis Cecilie og Vegard! Eg vågar påstanden at sesjonane til Rothaugen og Odda ikkje er dårlegare enn dei andre sesjonane, kanskje er dei til og med betre enn mange andre? Sett på ein slik bakgrunn set eg eit spørsmålsteikn ved at NKUL ikkje er villig til å betala noko av reise-losji for elevane våre. Dersom ein ynskjer elevstemmer, så bør ein også vera villig til å betala i alle fall noko av kostnaden. Odda ungdomsskole hadde 4 elevar med til NKUL. Dei reiser frå Odda til Bergen med buss,båt og deretter fly fra Bergen. Ei natt på hotell og same vegen attende. Det er dumt dersom kostnaden skal verta det som står i vegen for fleire elevstemmer på NKUL.

Men som sagt- iden er gratis.

Takk for eit flott NKUL enno ein gong.

Digital helsing

Sven Olaf Brekke

#oddaskolen

 

 

Advertisements

About svenolafbrekke

Rektor Odda ungdomsskole
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s