I dag fikk eg ei melding frå Linkedin. Trond Ingebretsen hadde fått ny jobb i Oslo kommune. Trond er ein av mange frå det tidlegare IKT senteret som har gått over i anna stilling. Det trigga meg til eit blogginnlegg. Eit blogginnlegg om kompetansesenteret som forsvann . IKT-senteret var namnet for meg. “Senter for IKT i utdanningen” heitte det vel offisielt.
Som engasjert skoleleiar frå periferien, nærare bestemt Odda, saknar eg IKT senteret. Eg synest det er eit tap for skulen at IKT senteret ikkje finns lengre og eg spør meg om kvifor det vart slik?
Eg hugsar godt første gong eg var invitert til IKT senteret, midt i sentrum av hovudstaden. Berre eit steinkast frå rådhuset låg det kompakte senteret der høgt kvalifiserte folk hadde kontor rett på sida av kvarandre. Der var gode lokaler for både tett idemyldring og større samlingar rundt ulike tema. Om ein var i Oslo for til dømes å diskutera Minecraft med Jørund Høie Skaug, så var ikkje vegen lang for å stikka innom Frode Løbersli for siste nytt om Den Virtuelle matteskolen, Kristine Sevik om det siste innan Makerspace, Morten Søby om internasjonale samarbeidsprosjekt eller Trond Ingebregtsen om kva som rørte seg på overordna nasjonalt plan. Det var ein open og god stemning når ein kom inn i IKT senteret. Det kjende eg på som gjest. Eg kjende og på ein respekt for meg, som faktisk var ute i praksisfeltet, og at mi stemme var viktig for dei som arbeidde på senteret.
Så kom Torbjørn Røe Isaksen i den politiske sjefsstolen for utdanning. Eg veit ikkje om det var Røe Isaksen sitt departement sin ide å leggja IKT senteret inn under UDIR, eller om det var byråkratar i direktoratet som ville ha IKT senteret inn i folden. Eg veit berre at det eg opplevde som IKT senteret si sjel, forsvann i UDIR sitt stivbeinte og grå byråkrati. Eg hugsar den første gongen eg besøkte UDIR for å diskutera IKT i skulen. Eg gledde meg til å sjå igjen mine vener frå IKT-senteret. Det var ikkje lett i eit ope kontorlandskap, men plutseleg fekk eg sjå eit kjent ansikt. Hei, ropte eg og vinka! Eg fekk hysjande peikefingrar og sinte augnebryn til svar.
Heldigvis hadde ein klart å oppretthalda eit rom, det såkalla Udir Betalab, der ein kunne kjenna “vibbar” frå IKT senteret. Takk til Kristine Sevik og Vibeke Guttormsgaard som framleis leier dette viktige arbeidet for alle dei som ynskjer kreativitet og engasjement ut i skulane sitt arbeid med koding og programmering.
Så kom Corona og heile skulenorge vart kasta ut i den raskaste og mest omfattande endring som skulen nokon gong har sett. Digitalisering var den viktigaste nøkkelen til suksess. Ein samla lærarstand har blitt løfta og fått skryt for kor flinke ein var til å snu seg rundt og gje eit godt skuletilbod til elevane. Rosen er vel fortent, men det var ikkje slik at alle skular,skuleleiarar og lærarar var digitalt rigga for 8 veker heimeskule. Korleis hjalp UDIR desse med råd og hjelp? Aldri hadde vi hatt meir bruk for eit velfungerande IKT senter enn vi hadde når skulane stengte på torsdag 12.mars.
For meg som skuleleiar var IKT senteret ei kjelde til inspirasjon og fagleg påfyll innafor eit fagfelt alle med opne auger skjønar vert avgjerande for læringsarbeid i åra frametter. I ei tid då eit senter for IKT i utdanningen verkeleg var viktig og naudsynt, valde politikarar og byråkratar å byggja det ned. Om det vil eg berre seia at det er veldig trist!
Eg ynskjer alle gode folk frå IKT senteret lukke til i nye jobbar, enten det er hos UDIR eller andre stader.
-
Recent Posts
Recent Comments
Archives
Categories
Meta